Statistikk og Simulering

Obligatoriske arbeidskrav

Gruppearbeid og presentasjon

B.2. Gruppearbeid og presentasjon

Den siste delen av semesteret vil bruka mykje gruppearbeid, der gruppene skal presentera arbeidet i klassa etter kvart. De arbeider i grupper à tre studentar. To eller fire studentar er berre unntaksvis tillete dersom talet ikkje går opp.

KVar måndag (nesten) er obligatorisk presentasjon av prosjektet. Det er meininga at gruppa førebur presentasjonen saman, men kvar einskild medlem skal kjenna resultata godt nok til å gjera presentasjonen.

B.2.1. Krav til presentasjonane

1.
Oppgåva for kvar presentasjon ligg i kompendiet under kvar presentasjonsøkt.
2.
Obligatorisk oppmøte til alle presentasjonane (måndagstimen).
3.
Gje melding med grunn på førehand dersom du ikkje kan møte til obligatoriske presentasjonar.
4.
Kvar presentasjon skal vera maksimum sju minutt. Fem minutt er normalt nok.
5.
Me trekk studentar tilfeldig for å presentare kvar gong. Kvar student vil måtte presentera minst to gongar.
6.
Ikkje freist å seia alt som er å seia om prosjektet/arbeidet dykkar. Me vil ha eit nøysamt utval av det aller viktigaste.
7.
Lange foilar med mykje tekst er bortkasta tid.
8.
Vis fram og forklar figurar (modellar, plot, m.m.) og programvaredemonstrasjonar. Det er alltid godt stoff.