Moodle-Quiz for Programmering og Matematikk (Sisteårsprosjekt)

Relevante studieprogram
Data

Bakgrunn

Moodle er ein elæringsplatform i open kjeldekode, godt etablert gjennom meir en tjue år og med brukarar over heile verda. Det er det mest populære opne alternativet til løysingar som BlackBoard og Canvas. Ved NTNU vert Moodle brukt i matematikkundervisinga ved IMF og IIR.
Det viktigaste bruksområdet her er ulike formar for quiz med matematiske spørsmål, som regel i spørsmålstypen STACK.

Moodle er modulært og der er eit rikt monn av plugins. Ved IIR har me mellom anna utvikla JazzQuiz, CAPQuiz, og QTracker, som alle er publiserte i Moodle sin offisielle katalog. Per i dag er der fleire utfordringar som er eigna som hovudprosjekt på dataingeniørstudiet.

JazzQuiz er eit quiz-system for bruk i klasserommet. I motsetnad til populære system som Kahoot, legg JazzQuiz vekt på improvisasjon, der førelesaren kan finna på spørsål undervegs. Det kan derimot òg vera nyttig med alle dei ulike spørsmålstypane i Moodle, som STACK for matematikk og CodeRunner for programmering. Problemet her er at JazzQuiz ikkje støttar automatisk retting av svara.

Der er ein eldre plugin, ActiveQuiz, for det typiske quiz-scenariet, men denne er ikkje oppdatert for nye versjonar av Moodle.

Moodle er skrive i PHP med element av javascript.

Mål for prosjektet

Prosjektet skal utvikla ein plugin for quiz med automatisk retting til bruk i klasserommet. Det er naturleg å gjera dette som ein vidareutvikling av JazzQuiz, men dette kan diskuterast.

Det er kritisk for dette prosjektet at programvare vert utvikla etter sunne programutviklingsprinsipp og i tråd med Moodle sine kodingsstilar og retningsliner. Koden må gjerast tilgjengeleg under same open source-lisens som resten av koden.

Vegleiarar

Forskings-/Utviklingsmetode

Studentane bør bruka ein smidig metode, og der er rom for hyppig møte med oppdragsgjevar og andre brukarar.

Ytterlegare bakgrunnsmateriale