Automatisk testing for Moodle (Sisteårsprosjekt)

Relevante studieprogram
Data

Bakgrunn

Moodle er ein elæringsplatform i open kjeldekode, godt etablert gjennom meir en tjue år og med brukarar over heile verda. Det er det mest populære opne alternativet til løysingar som BlackBoard og Canvas. Ved NTNU vert Moodle brukt i matematikkundervisinga ved IMF og IIR.
Det viktigaste bruksområdet her er ulike formar for quiz med matematiske spørsmål, som regel i spørsmålstypen STACK.

Moodle er modulært og der er eit rikt monn av plugins. Ved IIR har me mellom anna utvikla JazzQuiz, CAPQuiz, og QTracker, som alle er publiserte i Moodle sin offisielle katalog. Desse plugins har vore utprøvd i praksis og vist seg nyttige, men ved vidareutvikling er det ikkje praktisk gjennomførbart å gjera fullstendig regresjonstesting. Dette fører til at unaudsynte bugs. Me tarv difor eit system med automatiserte testar.

Moodle er skrive i PHP med element av javascript.
Me har fleire utfordringar som er eigna som hovudprosjekt på dataingeniørstudiet, knytt til dei ulike plugins som vert brukte på instituttet.

Mål for prosjektet

Målet for prosjektet er å setja opp, testa og dokumentera eit fullstendig testrammeverk for ein eller fleire av dei Moodle-plugins som vert vedlikehaldne ved instituttet. Fyrsteprioritet er automatiserte testing av brukargrensesnittet, men andre ting kan vera aktuelt avhengig av talet på studentar, t.d. unit tests og load testing.

Prosjektet vil gje høve til å setja seg inn i eit breidt spekter av testmetodar for brukargrensesnitt og vevtenester.

Vegleiarar

Forskings-/Utviklingsmetode

Studentane bør bruka ein smidig metode, og der er rom for hyppig møte med oppdragsgjevar og andre brukarar.

Ytterlegare bakgrunnsmateriale