Grunnleggjande Matematikk 2018

Grunnleggjande Matematikk

Velkommen til emnet i Grunnleggjande Matematikk hausten 2018. Alt materiale til kurset vert publisert her. Kunngjeringar i BlackBoard vert brukt for å dra merksemd til viktige endringar og viktig praktisk informasjon.

Førelesarane er

Undervisinga i emnet omfattar

førelesingane
3x2h/veke går i Fogdegården og er lærarstyrte.

Her bruker me Moodle/JazzQuiz

gruppeøvingar
skal fyrst og framst vera ein plass for å stilla spørsmål og å få individuell hjelp. De arbeider med oppgåvene i eige tempo. Ein førelesar og ein eller fleire studentassistentar vil bistå.

Der er sett av 2x2h/veke, men rommet har berre plass til halve klassa, og meininga er 1x2h per student i veka. So lenge det ikkje er fullt er det berre å koma alle timane, men dersom me får plassmangel, må me finna ein måte å dela klassa på.

Blackboard
BlackBoard vert brukt til kunngjeringar og til forum.
Læringsmateriell
Foruten denne sida, kjem der øvingshefter i
1.
Finans og geometriske rekkjer.
2.
Inntekts- og kostnadsfunksjonar med optimering og funksjonsdrøfting.

Det siste heftet dekkjer to hovudtema og er difor dobbelt so omfattande som det fyrste. Dei tre temaa er utdjupa i det siste kapittelet i det siste heftet.

Formelark
Formelarket vert tilgjengeleg som vedlegg på eksamen.

Der er nokre viktige endringar i emnet, samanlikna med tidlegare år. Læringsmåla er dei same som før, men me skal leggja meir vekt på å nå alle måla, og ikkje berre ferdigheitsmåla. Det er ikkje lenger lov å ha med lærebok eller formelsamling på eksamen, og berre enkel kalkulator er lov.

Me vurderer å gje ei kort formelsamling (ei side) som vedlegg i eksamensoppgåva. Dette vil me ta stilling til etter midtvegsevalueringa i emnet. Innspel er velkomne, særleg innspel med grunngjeving.