Tipping - raskt oversyn

(Sist oppdatert: $Date$)

I alle spela kan spelaren levera inn ein kupong med ein eller fleire rekkjer. Kvar rekkje kan vinna ein premie heilt uavhengig av andre rekkjer på kupongen.

Lotto

I Lotto består ei rekkje av sju tal frå 1 til 34. Spelresultatet er består av sju tilfeldig trekte vinnartal og tre tilleggstal. Premiane er som fylgjer:

  1. 7 rette
  2. 6 rette + eitt tilleggstal
  3. 6 rette
  4. 5 rette
  5. 4 rette + eitt tilleggstal

VikingLotto

VikingLotto går som lotto bortsett frå at ein veljer seks tal frå 1 til 48, og seks vinnartal og to tilleggstal vert trekte. Premiane går som

  1. 6 rette
  2. 5 rette + eitt tilleggstal
  3. 5 rette
  4. 4 rette
  5. 3 rette

I VikingLotto har ein òg eit sokalla lykketal som vert brukt for ein ekstratrekning mellom fyrsteprisvinnarane, men det kan de sjå bort frå.

Tipping

I Tipping består rekkja av tolv fotballkampar, som kvar har resultatet heimesiger, uavgjort eller bortesiger. Spelarane tippar på eitt resultat i kvar kamp. Spelresultatet er resultatet frå dei tolv kampane.

Tenk, inntil vidare, at kampresultata må registrerast manuelt i programmet, anten gjennom eit GUI-vindauge (innlevering 2) eller innlesing av fil (innlevering 3).

System og gardering

I dei verkelege spela er det råd å tippa kupongar der ein kryssar av fleire tal enn det som vert trekt eller fleire resultat per kamp. Dette kan de sjå bort frå med mindre de treng ei ekstra utfordring.

I praksis vert ei gardert rekkje eller systemrekkje rekna om til fleire einskildrekkjer som gjev det same resultatet. Både deltakaravgifta og premiane er rekna ut i høve til dei tilsvarande einskildrekkjene.


Hans Georg / hasc@hials.no