Grunnleggjande Matematikk 2018

Læringsmål og studieteknikk

Grunnleggjande Matematikk

1 Læringsmål og studieteknikk

1.1 Læringsmåla

Kunnskap: Kandidaten skal

Ferdigheter: Kandidaten skal

Kompetanse: Kandidaten skal

1.2 Kva er matematikk?

Alle har studert matematikk før, med større eller mindre hell, og har heilt sikkert ei meining om kva matematikk er. Det er ikkje sikkert denne meininga stemmer med grunnleggjande matematikk.

Svært ofte legg skulematematikk vekt på ferdigheitsmåla: å rekna ut dette og hint. Ein gong gav det meining. Eg har møtt tilårskomne kollegaar som hadde den fyrste jobben sin som Computer. Dei trengte rekneferdigheiter.

Ingen studentar i dag kjem til å få jobb som computer. Der er andre mål som tel i dag.

Legg særleg merke til kompetansemåla (over). Me skal bruka matematikk til å kommunisera om økonomiske og samfunnsmessige samanhengar, og bruke matematikk til å formulera og analysera slike samanhengar. Me skal ikkje gløyma ferdigheitsmåla heilt, men langt meir enn mål i seg sjølve, er ferdigheitane middel til andre mål.

1.3 Om å svara på oppgåver

Kompetansemåla i kurset har fylgjer for korleis ein skal arbeida med og svara på oppgåver. Utrekninga er den minst viktige delen av oppgåva. Langt viktigare er det å kunna kommunisera tolkinga og løysinga til andre, slik at dei vert overtydde om at svaret er rett. Fyrst og framst skal ein kunne overtyda kollegar og medstudentar som kan like mykje eller litt mindre enn ein sjølv.

Der er altfor mange forskjellige oppgåver til at ein kan pugga løysingsmønster. Der er uansett ingen pris for å løysa oppgåva med same metode som førelesaren ville ha brukt. Ein er nøydd til å tenkja sjølv. Dei fleste oppgåvene er basert på problem frå røynda, og ein må tenkja slik at ein får svar som gjev meining i røynda.

Ikkje alle oppgåver har ein fasit. Der er tolkingsrom i matematikk. Det må ein læra å handtera, gjerne gjennom å drøfta tolkingar med andre.

1.4 Studieteknikk

Samarbeid løner seg. På mange ulike måtar.

Ein lærer mykje av å forklara for andre. Ein lærer òg mykje av å retta for kvarandre.

Det er ikkje nok i kurset å løysa oppgåvene slik at sensor kjenner att nok som er rett. Ein skal svara slik at medstudentar vert overtydde om at svaret er rett; ogso medstudentar som kan litt mindre enn ein sjølv. Kven kan best gje tilbakemelding på det?

Det er òg nyttig å diskutera med fleire ulike personar, for å få ulike perspektiv.

Gruppeøvinga er ein god møteplass for å danna studiegrupper.