Grunnleggjande Matematikk 2018

Obligatoriske arbeidskrav

Grunnleggjande Matematikk

3 Obligatoriske arbeidskrav

3.1 Fyrste oblig

Det fyrste arbeidskravet omfattar tre innleveringar. Fristane er som fylgjer:

18. september kl. 23.59
Innlevering av løysing på oppgåvene i BlackBoard. Dette er individuelt arbeid. Det er lov å få hjelp, men ein må levera svaret med eigne ord som ein sjølv forstår og kan stå inne for.

Svaret bør skrivast for hand og skannast for innlevering. Skrivarane på NTNU kan òg skanne, og sender fila på epost til brukaren. Dette er enkelt og påliteleg. Det er lov å skriva på maskin, men for dei fleste er det eit dårleg alternativ.

27. september kl. 23.59
Evaluering og kommentarar på løysingane frå tre andre studentar. Evalueringa må leverast både i BlackBoard, og til studenten som vert vurdert.

Dei som ynskjer det, kan organisera sine eigne grupper der dei vurderer kvarandre. Elles dannar me grupper på øvingane 19.-20. september, og om det trengst ogso 26.-27. september. Ta med utskrift av løysinga på gruppeøvinga dersom du treng å få ho vurdert der.

7. oktober kl. 23.59
Innlevering av revidert løysing, med vurderingane og refleksjonsnotat i BlackBoard.

Dette er igjen individuelt arbeid, og målet er å gå gjennom kva du sjølv har lært gjennom øvinga. Dette vert kontrollert av faglærar.

Obligatoriske arbeidskrav er ikkje karaktergjevande, men må vera tilfredsstillande fullført for å få gå opp til eksamen. Kravet for å få godkjent er fyrst og framst ein hederleg innsats, med

1.
eit alvorleg forsøk på løysing til den fyrste innleveringa.
2.
konstruktive og nyttige innspel til medstudentane på den andre innleveringa.
3.
ettertenkt refleksjon over kva som er lært på siste innlevering.

Studentar som har fullført obligatoriske arbeidskrav tidlegare, anten i Grunnleggjande matematikk, Matematikk for økonomifag eller Matematikk for marknadsfag, treng ikkje å ta arbeidskrava på nytt. Det er derimot viktig at ein i so fall dobbelsjekkar listene før eksamen, og melder evt. feil so raskt som råd.

Atterhald om trykkfeil. Gje eit ord om du ser noko som ikkje gjev meining.

3.1.1 Oppgåvene

Løys to av fylgjande fem oppgåver. Dersom du allereie har funne ei gruppe til medstudentvurderinga, er det lurt om ikkje alle i gruppa vel dei same oppgåvene.

Oppgåve 1 Snorre og Synnøve har arva ein millon kroner kvar og set pengane i aksjefond. Snorre vel eit lågrisikofond og får 1,5% rente (avkasting) per år. Synnøve vel høgare risiko, og har flaks; ho får 2,5% rente.

1.
Plott verdiutviklinga for både Snorre og Synnøve i same koordinatsystem frå innskotstidspunktet og femti år fram i tid.
2.
Kor lang tid tek det før Snorre har fått dobla verdien?
3.
Kor lang tid tek det før Synnøve har fått dobla verdien?

Oppgåve 2 Du får tilbod om eit lån til 3% nominell rente per år, med månadleg forrenting. Der er ingen gebyr. Kva er den effektive rentesatsen?

Oppgåve 3 Politikarane debatterer ny hovudveg, som evt. kan byggjast 2022–24. Kostnaden er venta å verta éin milliard kroner kvart år i byggjeperioden på tre år. Diskonteringsrenta er 4%. Rekn ut noverdien (per 2018) av dette prosjektet.

Oppgåve 4 Anne Sofie har 20 000 kr. i eit aksjefond. Ved slutten av kvart år får ho 5% avkasting og tek ut 1000 kr. Kor mange år går det før ho har brukt opp pengane?

Oppgåve 5 Filip vurderer å kjøpa opp ei lita bedrift. Han trur at bedrifta har eit unikt konsept som vil gje 500 000 kroner i profitt kvart år i all framtid. Han reknar med ei diskonteringsrente på 3%. Kor mykje er han maksimalt viljug til å betala for bedrifta?

3.1.2 Vurdering av medstudentar

Det viktigaste i medstudentvurderingane er å diskutera korleis svaret kan skrivast for å overtyda lesaren. Det er sjølvsagt viktig at løysinga er rett, men det har liten verdi om lesaren ikkje skjøner kvifor.

Fasit er ikkje utdelt, fordi det ville øydeleggja dykkar eigen kritiske prosess. Drøft gjerne vurderinga munnleg i ei gruppe før de skriv ho ned, særleg dersom de er i tvil om argumenta. Det er òg lov å be førelesarane og læringsassistentane om hjelp i denne prosessen.

Vurderinga skal

1.
peika på to eller tre ting som er bra i løysingsforslaget.
2.
peika på éin ting som studenten bør arbeida meir med.
3.
svara på fylgjande for kvar deloppgåve:
a)
Er svaret riktig?
b)
Vert du overtydd om at svaret er riktig ved å lesa løysinga?

Kvar student skal levera vurdering av tre andre studentar i BlackBoard. Dette er for å kunna sjekka at alle har vore aktivt med i denne delen av arbeidskravet. I tillegg må sjølvsagt vurderingane leverast til den studenten som er vurdert, til bruk i neste innlevering. Kvar student må òg sjå til å verta vurdert av tre andre studentar.

3.1.3 Refleksjonsnotatet

Innleveringa skal omfatta tre delar:

1.
Ei revidert løysing på oppgåva.
2.
Kopi av alle vurderingane som du har fått frå andre studentar. Dersom ein ikkje har ei vurdering frå tre andre studentar, eller ei vurdering ikkje er konstruktiv eller nyttig, skal ein i tillegg levera ein kort kommentar som fortel kven ein manglar vurdering frå og evt. kvifor ein meiner at ei vurdering ikkje er brukbar.
3.
Eit refleksjonsnotat der du reflekterer over kva du har lært i løpet av prosjektet. Refleksjonsnotatet bør som regel om lag éi side maskinskrive, men der er ingen absolutte grenser.

Innhaldet av refleksjonsnotata vil variera avhengig av kor nøgd du er med den opprinnelege løysinga di, kva du har lært og korleis du jobbar med studia. Normalt bør du i alle fall svara på fylgjande spørsmål:

1.
Reflekter over løysinga di:
  • Kva er bra?
  • Kva kunne vore betre?
2.
Reflekter over deg sjølv:
  • Kva har du lært gjennom arbeidskravet?
  • Kva treng du å arbeida spesielt med i resten av kurset?
3.
Reflekter over arbeidskravet som læringsaktivitet:
  • Kva har vore bra?
  • Kva bør førelesarane arbeida med for å gjera aktiviteten betre?

3.2 Andre oblig

Utkast. Kvalitetssikring står att.

Tilbakemeldingane etter den fyrste obliggen tyder på at dei gruppene som har prata saman og drøfta oppgåvene i lag har hatt mykje utbyte av det. Dei som har fokusert utelukkande på den skriftlege vurderinga har hatt litt mindre utbyte.

Det andre arbeidskravet liknar det fyrste, men me organiserer det litt annleis.

Innan 1. november
Dann grupper på 3–5 personar og vert samde om korleis de skal gjera gjennomføra resten av prosjektet; eller send epost til Hans Georg hasc@ntnu.no og be om å verta plassert i ei gruppe. Bruk «Oblig 2 gruppeinndeling» som emnefelt. Dersom de er ei gruppe med ledige plassar kan de òg senda epost for å fylla dei.

Dersom de sender epost, må de gjerne nemna kva oppgåver de ynskjer å jobba med (vanskegrad o.l.).

Innan 8. november
Verta samde om minst éi oppgåve som alle i gruppa løyser.

Oppgåvene vel de sjølv frå alle tidlegare eksamensoppgåver, slik at dei utgjer minst 20% av settet. (Bruk skjønn dersom settet ikkje vektar oppgåvene.)

Før møtet i gruppa
Løys oppgåvene kvar for dykk og datér løysinga. Hugs å forklara løysinga med tanke på at medstudentane skal skjøna resonnementet. Løysingsforslaga som er lagt ut for nokre eksamensoppgåver er ikkje alltid fullstendige nok.
Innan 19. november
Diskuter oppgåva i gruppa og samanlikn løysingane dykkar. Vert samde om kva som er rett svar, og ein eller fleire gode løysingametodar. Drøft òg kva som gjer oppgåve interessant, nyttig, enkel og/eller vanskeleg.

Dersom de er usamde eller i tvil om kva som er rett svar, spør ein studentassistent eller førelesar om hjelp.

Innan 26. november kl. 13:00
Skriv kvar for dykk ei oppsummering av diskusjonen i gruppa og refleksjon over kva du har lært av oppgåva og av diskusjonen. Dersom du ikkje er nøgd med den opprinnelege løysinga di, lagar du òg ei ny og betre løysing. Levér inn dette saman med den opprinnelege, daterte løysinga på BlackBoard

Merk at me berre krev innlevering heilt til sist. Dei andre fristane vert difor vegleiande. Det som er vesentleg er at de i gruppa gjev kvarandre god nok tid til arbeidet før og etter møtet i gruppa.

Vurderings- og refleksjonsspørsmåla frå det fyrste arbeidskravet kan vera eit nyttig utgangspunkt for diskusjonen og innleveringa denne gongen òg.

Hugs at oppgåveløysing er viktig for læring, og dei treng ikkje vera obligatoriske for at ein skal gjera dei. Det obligatoriske arbeidskravet er lagt opp som det er for at alle skal få trening i denne formen for samarbeid. Det er eit minimumskrav, og ein må gjerne gjera meir både saman og aleine.