Matematisk Problemløysing 2019

Matematisk Problemløysing

Velkommen til emnet i Matematisk Problemløysing hausten 2019. Alt materiale til kurset vert publisert her. Kunngjeringar i BlackBoard vert brukt for å dra merksemd til viktige endringar og viktig praktisk informasjon.

Førelesaren er Professor Hans Georg Schaathun hasc@ntnu.no. Tak gjerne kontakt med spørsmål og anna. Det enklaste er å ta kontakt på undervisingsøktene, men send gjerne epost eller stikk innom på B319.

Undervisinga i emnet omfattar

Organisert undervising
Normalt to økter à fire timar i veka. Pga. vanskar i timeplanlegginga, kan der vera variasjon i tid og stad på desse øktene. Sjå den offisielle timeplanen for detaljar om dette. Normalt vil me byta rom i løpet av økta, slik at me har auditorium i den fyrste og den siste timen, og flatt rom dei to timane i midten. Det er likevel viktig å merka seg at dette er éin økt som går over fire timar med eitt samanhengjande program. Meldingar vert ikkje gjentekne for dei som kjem seint, heller ikkje etter rombyte.

I auditoriet bruker me Moodle/JazzQuiz.

Obligatoriske arbeidskrav
Der er to typar arbeidskrav i emnet. Det eine er indivuelle innleveringar basert på gruppearbeid i øvingstimane. Det andre er automatisk retta oppgåver i Moodle (CAPQuiz). Sjå avsnitt 3.
Blackboard
BlackBoard vert brukt til kunngjeringar og til innlevering av obligatoriske innleveringar.
Moodle
Me bruker ein eigen moodletenar til øvingane. Det enklaste å logga inn med FEIDE (same system som dei fleste andre tenester ved NTNU). Når me bruker JazzQuiz i førelesingane, er det lov å logga inn som gjest, dersom de ynskjer å vera heilt trygge på at de er anonyme. Når de gjer obligatoriske arbeidskrav (CAOQuiz) er eg sjølvsagt avhengig av at de framstår med same namn som de har i studentlistene.
Læringsmateriell
Foruten denne sida, kjem der øvingshefter i
1.
Finans og geometriske rekkjer.
2.
Inntekts- og kostnadsfunksjonar med optimering og funksjonsdrøfting.

Det siste heftet dekkjer to hovudtema og er difor dobbelt so omfattande som det fyrste. Dei tre temaa er utdjupa i det siste kapittelet i det siste heftet.

Der er ingen fasit til øvingsheftene. Det er med hensikt. De skal bruka heftet til å drøfta løysingane med kvarandre og sikta mot ei felles overtyding. Det er berre på denne måten de kan opparbeida tanksetts- og kommunikasjonskompetanse. Alle røynslene våre viser at fasit er ei bjørneteneste som motverkar læringsmåla.

Det er derimot alltid lov å spørja om råd. Både førelesar og læringsassistentar er her for å hjelpa, og når de trengst bidreg me med løysingsforslag.

Formelark
Formelarket vert tilgjengeleg som vedlegg på eksamen. (Dette kan verta revidert fram til siste undervisingsveke.)

NB! Sjølv om emnet i prinsippet fylgjer dei same læringsmåla som vart vedtekne då emnet vart innført i 2015, er der skjedd, og held fram å skje, mange endringar i praksis. Me skal leggja meir vekt på å nå og vurdera alle læringsmåla, og ikkje berre ferdigheitsmåla. Dette gjer at emnet kanskje skil seg ein del frå kva de er vane med å møta i matematikken. Frå og med 2018, er det er ikkje lenger lov å ha med lærebok eller formelsamling på eksamen, og berre enkel kalkulator er lov. De for derimot eit enkelt formelark som vedlegg på eksamen (sjå over). I 2019 har me òg revidert læringsmåla for å gjera dei enno tydlegare og meir konkrete.