Matematisk Problemløysing 2019

Pensum

Matematisk Problemløysing

4 Pensum

Lærebok: Bjørnestad, Olsson, Søyland og Tolcsiner: Matematikk for økonomi og samfunnsfag, 8. eller 9. utgåve, samt tilhøyrande løysingsforslag. Kapittel 1-5, bortsett frå 5.6, 5.7 og 5.8. Heile den nemnde delen av boka er pensum, men ikkje alt er like viktig.

Oppgåvesamlingar (kompendium)

1.
Finans og geometriske rekkjer.
2.
Inntekts- og kostnadsfunksjonar med optimering og funksjonsdrøfting.

Oppgåvesamlingane er òg pensum, og definerer dei mest sentrale delane av pensum.

4.1 Kommentar

Ulikt læreboka freistar oppgåvesamlinga å visa korleis ein tenkjer matematisk for å løysa problem frå røynda. Dette er eit perspektiv som er heilt sentralt for læringsmåla i emnet, men som me ikkje finn dekt av nokon bøker på marknaden.

Mesteparten av undervisinga vil fokusera på dei tre hovudtemaa som er dekte av øvingsheftene. Kvart hovudtema er venta å fylla 25–30% av eksamenssettet, og til saman skal dei dekkja den matematikken som er uunnverleg i resten av studiet. Dei tre hovudtemaa er til ein viss grad uavhengige av kvarandre. I eksamenssetta frå 2018/19 ser de at dei tre fyrste oppgåvene dekkjer kvart sitt hovudtema. Desse oppgåvetypane er typiske.

Andre tema vert dekt innimellom, men dei som ynskjer full kontroll på alle delar av pensum må lesa ein del av stoffet sjølv. Prinsippet er at alt som står i læreboka (kapittel 1-5.5) er pensum, men ikkje alt er like viktig. Det er venta at 20–25% av oppgåvene på eksamen krev kompetanse utover dei tre hovudtemaa som øvingsheftet dekkjer.

Konsekvensen av dette er at dei som tenkjer at C er ein god karakter, skal fokusera på øvingshefta og forsikra seg om at dei kan dettte skikkeleg. Dei som synest at C er ein dårleg karakter må lesa heile læreboka.