Matematisk Problemløysing 2019

Obligatoriske arbeidskrav

Matematisk Problemløysing

3 Obligatoriske arbeidskrav

Studentar som har fullført obligatoriske arbeidskrav i Grunnleggjande matematikk 2018, treng ikkje å ta arbeidskrava på nytt. Merk at obligatoriske arbeidskrav frå andre emne, eller frå før 2018 ikkje vert godkjende, uansett. Dersom ein skal ha godskrive godkjenning frå 2018 er det viktig å sjekka listene før eksamen, og evt. melda feil so raskt som råd.

3.1 Refleksjonsoppgåver

Målet med refleksjonsoppgåvene er å tenkja gjennom (reflektera over) gruppearbeidet for å få best mogleg utbyte. Her legg me særleg vekt på kompetansemål: tankesetts-, modellerings- og kommunikasjonskompetanse.

1.
De skal levera refleksjonsoppgåver tre gongar, eller to dersom de deltok på forkurset i veka før undervisinga starta. Sjå fristane i undervisingsplanen.
2.
Innleveringa er individuell, sjølv om ho byggjer på gruppearbeid. Innleveringa skal vera dine eigne tankar om de som de gjorde saman.
3.
Du vel sjølve kva for ei av øktene de byggjer innleveringa på, uavhengig av kva resten av gruppa gjer. Du kan gjera den fyrste innleveringa den fyrste veka, og du vinn inkje på å venta.
4.
Fristene er absolutte, uansett grunn. Fristen er sett seint av omsyn til dei vert forseinka av sjukdom eller liknande. Meininga er at de gjer innleveringa ved fyrste høve.
5.
Den siste innleveringa skal ta utgangspunkt i ei økt frå temaet om funksjonsdrøftig. Dvs. at de ikkje kan starta på denne innleveringa før i slutten av september.
6.
Kravet for å få godkjent er ein konstruktiv refleksjon over kva du kan læra frå gruppearbeidet, og korleis du kan innretta studiearbeidet framover. Dvs. at du kan levera inn sjølv om gruppearbeidet ikkje har vore heilt vellukka, berre du har nokon tankar om kvifor det ikkje var vellukka og kva de kan gjera annleis.
7.
Innleveringa skal ikkje ta meir enn 1-2h å gjera, etter at de har gjort gruppearbeidet. Lever inn det du har, heller enn å bruka mykje tid på perfeksjonering. Dersom nokon skulle levera noko som ikkje vert godkjent, so kan me heller prata om det, og gje ei sjanse til.
8.
Obligatoriske arbeidskrav tel ikkje på karakteren.

3.1.1 Krav til Innleveringa

Innleveringa skal innehalda

1.
Namn på alle i gruppa og dato for gruppearbeidet.
2.
Løysing på oppgåvene som de arbeidde med. Ikkje tenk på oppgåver som de ikkje rakk over i gruppa.
3.
Kort synopsis av diskusjonen i gruppa. Kva brukte de tid på? Kva var vanskeleg?
4.
Refleksjonsnotat over ditt eige og gruppa sitt arbeid, maksimum éi side maskinskrive. Her skal du ta med
a)
2-3 ting som du gjorde bra
b)
2-3 ting som gruppa gjorde bra
c)
éin ting som du kan gjera betre framover
d)
éin ting som gruppa kan gjera betre framover

Refleksjonsnotatet kan vinklast på ulike måtar, og du kan ikkje ta med alt. Legg vekt på det som du synest er viktigast for å koma vidare i emnet. Alle dei fylgjande spørsmåla er moglege vinklingar for å utdjupa det som var bra og det som kan verta betre.

1.
Kva har du lært? Kva kunne du ha lært?
2.
Kva har gruppa lært?
3.
Korleis trur de at denne lærdommen kan koma til nytta seinare (i studie eller yrke)?
4.
Kva kunne andre i gruppa hjelpa deg med?
5.
Kva kunne du hjelpa andre i gruppa med?
6.
Korleis formulerer de løysingane for at heile gruppa skal fylgja det same tankesettet?
7.
Kva var vanskeleg? Kva var lett?
8.
Kva har du/de gjort bra?
9.
Kva vil du gjøre annleis framover?

3.2 Automatisk retta oppgåver

Dei automatisk retta oppgåvene skal trena grunnleggjande rekneevner. Systemet er adaptivt, slik at du får stadig vanskelegare oppgåver når du viser at du kan svara godt. Du har ein rating som går opp når du svarer rett og ned når du svarer feil. Du får stjerner etter kvart som ratinga går opp.

1.
Der er to oppgåvesett i CAPQuiz. Sjå fristane i undervisingsplanen.
2.
Kravet for å få godkjent er tre stjerner.
3.
Du misser ikkje stjerner om ratinga går ned, so du tapar inkje på å arbeida vidare.
4.
Alle oppgåvene i settet er relevante for eksamen, so det løner seg å arbeida vidare til fem stjerner.
5.
Settet vil stadig vera ope etter fristen, men du må oppnå den tredje stjerna innan fristen.
6.
Utsetjing vert gjeve basert på dokumentert sjukdom og liknande omstende.
7.
Det er førebels ikkje klart om CAPQuiz vert tilgjengeleg gjennom Moodle eller BlackBoard. Dette vert klart når det fyrste oppgåvesettet er tilgjengeleg.