Pedagogisk Mappe

Hans Georg Schaathun

1. Introduksjon med biografi

Eg har dei fyrste undervisingsrøynslene i høgare utdanning som stipendiat (undervisingsassistent) ved NHH 1996/97 i matematikk og statistikk, og debut som emneansvarleg ved UiB 2002 som vikar i to emne innanfor kodeteori og kryptografi. Eg retteleidde òg to hovudfagstudentar i kodeteori som postdoc ved UiB 2003–2005. I 2006 fekk eg fast stilling som lecturer ved Universitetet i Surrey, og fekk der pedagogisk basiskompetanse gjennom Postgraduate Certificate in Academic Practice (PGCAP). I 2011 vart eg professor ved HiÅ/NTNU.

Sidan 2013 har eg arbeidd systematisk med utvikling av undervisingsformar, og eg vil bruka mest plass på å drøfta dei ulike prosjekta eg har hatt i denne perioden. Likevel vil avsnitt 2 ta for seg breidda i aktvitetar lenger tilbake i tid. I avsnitt 3 presenterer eg eit pedagogisk grunnsyn. Avsnitt 4 til 7 presenterer dei ulike prosjekta som eg har arbeidd med dei siste åra. Fokus i prosjekta har vore på læringsaktivitetar, men eg vil oppsummera dei vala eg har gjort omkring vurdering i avsnitt 8. Eg drøftar bruken av vitskapleg metode i avsnitt 9 og pedagogiske leiarroller i avsnitt 10. Til slutt vil eg oppsummera med eit tilbakeblikk.