Pedagogisk Mappe

Hans Georg Schaathun

2. Brei fortid

Gjennom åra har eg dekt eit vidt spekter av emne innanfor matematikk og informatikk (sjå Emneliste/CV). Dei fleste emna mine har eg utvikla frå grunnen av, deriblant grunnleggjande emne som funksjonell programmering, vidaregåande emne som statistikk og simulering, og spesialiserte emne på høgare grad som steganografi og informasjonssikkerheit. Utvikling av læringsmateriell har alltid vore ein naturleg del av emneutviklinga. Dei fyrste kompendia og øvingsheftene laga eg som studentassistent og stipendiat ved UiB 1998–2001 (sjå vedlegg).

Eg har vore vegleiar både på hovudfag (60 ECTS) i Bergen, avsluttande oppgåver til MSc og BSc (hhv. 22,5 og 30 ECTS) i Surrey, og hovudprosjekt på ingeniørutdanninga (15–20 ECTS gruppearbeid) i Ålesund. Eg har òg rettleidd to doktorgradstudentar som har disputert ved Universitetet i Surrey etter at eg slutta, men fordi eg bytte jobb var eg ikkje involvert siste del av studia deira.

Eg har vore innom alle dei vanlege undervisingsformane i matematikk og informatikk, inklusive praktiske labøvingar med programmering, gruppeøvingar der førelesar går igjennom oppgåver, rekneøvingar der studentane arbeider individuelt under vegleiing, førelesingar, prosjektinnleveringar og innleverte rekneøvingar. Som vurdering har eg brukt munnleg og skriftleg eksamen, og ulike typar innleveringsoppgåver både som obligatorisk arbeidskrav utan karakter, og som karaktergjevande vurdering (mappe) i England. Eg har sett variasjonen både mellom høgskule- og universitetstradisjonane og mellom England og Noreg.

Ei rolle i England er spesiell, og ulik alt anna eg har gjort, som visiting tutor ved professional training year. Det er relativt vanleg i England å ha eit år som praktikant mellom andre og tredje studieår, og instituttet mitt brukte eit treningsopplegg frå British Computer Society (BCS). Oppgåva som visiting tutor var å fylgja opp dette opplegget og vegleiia studentane. Dette var ei svært gjevande oppgåva, som gav innblikk i korleis studentane verkeleg reagerer og tilpassar seg når dei går frå studium til arbeidsliv. Det viktigaste eg kunne gjera som vegleiiar var å spørja ut studentane om arbeidssituasjonen deira, og dermed leia dei inn i refleksjon. Ihht. treningsopplegget skulle studentane sjølv velja læringsmål og sjå etter læringshøve i jobben. Sidan eg ikkje sjølv såg dei i arbeidssituasjonen, vart eg ikkje freista til å svara på spørsmåla for dei. Alt eg kunne gjera var å hjelpa dei til å sjå spørsmåla og finna svar sjølve. Det er ei nyttig røynsle, og eg håper eg klarer å bruka dei same teknikkane òg når eg kunne ha sett svara sjølv.