Pedagogisk Mappe

Hans Georg Schaathun

B.4. Organiserte prosjekt

B.4.1. Aktiv Læring i Matematikk

Aktiv Læring i Matematikk vart finansiert som prosjekt av studieutvalet ved Høgskolen i Ålesund våren 2015, og gjennomført 2016. Den opprinnelege prosjektplanen skisserte to fasar, der den andre fasen kunne gjennomførast i 2017 avhengig av røynslene frå den fyrste fasen. Prosjektet var avslutta etter den fyrste fasen.

1.
Prosjektplan
2.
Emnerapport som òg tener som sluttrapport (fase 1).

B.4.2. Klasseromsquiz i Matematikk

Klasseromsquiz i Matematikk er finansiert av Noregsuniversitetet 2017-2018. So langt har me utvikla ein programvareprototype som er under utprøving i Grunnleggjande matematikk inneverande semester.

1.
Prosjektplan/-søknad.
2.
Oppsummering referansegruppemøte 1. Dette må sjåast som eit internt notat. Det vert ikkje reinskrive før i slutten av semesteret.
3.
Prosjektplan for eit prosjekt omsøkt eitt år tidlegare og avslått. Dette er ein viktig del av røynslegrunnlaget