Pedagogisk Mappe

Hans Georg Schaathun

7. Quiz som drivar for diskusjon

For tida leier eg Klasseromsquiz i Matematikk, eit prosjekt finansiert for 2017-18 av Noregsuniversitetet. Målet med prosjektet er å vidareutvikla den diskusjonsformen som eg har brukt i Diskret Matematikk og Matematikk 1, og overføra han til større klasser. Eg underviser grunnleggjande matematikk for økonomisk/administrative fag med over 140 registrerte studentar og 70-90 på førelesing. Emnet har eit relativt lite pensum, og er spesielt tilrettelagt for studentar som slit med matematikk, og som ikkje har anna bakgrunn enn obligatorisk matematikk frå vidaregåande skule. Me hadde òg søkt Noregsuniversitetet året før utan å få tilslag. Truleg la me for mykje vekt på pedagogisk forsking fyrste gongen. Søknaden som fekk tilslag, hadde tydlegare fokus på praktisk undervising.

For å nå alle studentane i ei stor klasse bruker eg gjennomført eit digitalt quizverkty. I Matematikk 1 hadde eg so smått testa Socrative, men fordi eksisterande verkty ikkje har støtte for matematisk notasjon utviklar me ny programvare som ein del av prosjektet. Ein hovudfunksjon som me vidarefører frå Socrative, og som manglar i andre kjende quizsystem, er at læraren raskt kan stilla spontane spørsmål som ikkje er førebudd på førehand. Den fyrste prototypen vår var klar til semesterstart og er eit fullgodt alternativ til Socrative.

Studentaktiviteten i auditoriet overgår alt eg hadde vågd å håpa på. Studentane får diskutera i små grupper før dei svarer på quizzen. Ein pensjonert kollega observerer førelesingane, og han peiker på at han overhøyrer svært konstruktive diskusjonar, der studantene drøftar alternative framgangsmåtar. I so fall har eg lukkast med akkurat det som var hovudmålet. Klassa har fått ei open stemning med låg terskel for å stilla spørsmål, svara på spørsmål og gje tilbakemelding på aktivitetane.

Quizsystemet tener mange formål. Ved sidan av å stimulera til å tenkja gjennom oppgåvene og drøfta med medstudentar, gjev det meg rask informasjon om kva studentane kan svara på og kor raskt. Studentane får òg det same overblikket. Eg bruker òg quizzen til evalueringsspørsmål, og kan t.d. sjekka om studentane meiner eg går for fort eller for sakte fram. Typisk er fleirtalet nøgde, med jamnstore minoritetar på kvart ytterpunkt.

Det som eg diverre ikkje har fått prøvd er CatchBox, som er i ustand i det aktuelle auditoriet. Eg let ofte ein enkelt student få ordet, anten for å stilla eit spørsmål eller for å utdjupa eit løysingsforslag, men det er vandt å høyra kva som vert sakt utan mikrofon.

I tillegg til quiz-systemet i klasserommet, bruker eg eit anna quiz-system til obligatoriske arbeidskrav, nemleg adaptivt læringsystem som òg er utvikla her på huset for nokre få år tilbake. Målet er å drilla grunnleggjande teknikkar. Systemet er adaptivt og vil gje studentane vanskelegare oppgåver etter kvart som dei vert flinkare. Resultatet er at studentar som treng mykje øving for å klara oppgåvene, må gjera hundrevis av oppgåver, medan studentar som skjøner raskt og klarer alt på fyrste forsøk kan vera ferdig etter 25. Fleire studentar seier at det er akkurat dette dei treng for å drilla inn grunnleggjande teknikkar.

Eg var ikkje med på å utvikla adaptivt læringssystem i starten. I utgangspunktet var eg skeptisk eller til og med kritisk, fordi eg var redd for at slik drilløving ville ta fokus vekk frå forståing og resoneringsevne, og eg samanlikna det med læringsmaskinene som behaviorismen ein gong forfekta. Etter kvart er eg derimot sett at mange studentar slit med å forstå fordi grunnteknikkane ikkje er automatisert, og dei må difor bruka all tankekapasitet på elementære teknikkar og har ingenting att til nye utfordringar. Drilløvingar er ein effektiv veg til automatisering, og kravet om forståing gjer ikkje behovet for automatisering og drill mindre. Eg planlegg no å utvikla systemet vidare saman med initativtakaren, Siebe van Albada.

Det er for tidleg for nokon grundig evaluering av grunnleggjande matematikk, men eit kort og uformelt resymé av fyrste referansegruppemøte er vedlagt.