Pedagogisk Mappe

Hans Georg Schaathun

11. Oppsummering og tilbakeblikk

Eg har undervist i høgare utdanning i 15 år, og vore forskingsaktiv i heile denne perioden. Balansen mellom forsking og undervising har variert. Dei fyrste åra kunne undervisingsoppgåver vera altoppslukande, og omsyn til forsking gjorde det uråd å driva systematisk pedagogisk utvikling over lengre periodar. Dette har endra seg med aukande røynsle, og eg maktar no å handtera fleire parallelle prosjekt. Sidan 2013 har eg drive systematisk og kontinuerleg pedagogisk utvikling, der eg har endra metodikk relativt raskt basert på røynslene.

Eg har skildra eit par forskjellige prosjekt frå denne perioden. Der går ein raud tråd gjennom desse prosjekta, i målet om å møta studentane der dei er, og saman skapa meining og forståing ut frå den bakgrunnen dei har. Dei metodane som eg etter kvart står att med er bygd både på eigne røynsler og på ein forståing av læringsteori og pedagogisk forsking.

No står midt i eit omfattande prosjekt og planen for umiddelbar framtid er allereie lagt der. Det er for tidleg å seia kva som skjer etter klasseromsquiz i matematikk. Det freistar å arbeida vidare med matematisering og andre matematikkompetansar i dei mest elementære kursa. Eg har ein idé til ei bok om Matematikk frå røynda, basert på utelukkande på praktiske problem frå røynda. Denne kunne kanskje vore lærebok i ein betre erstatning for Grunnleggjande Matematikk. Eg trur òg at ei slik bok kunne vera nyttig for mange i ungdomsskulen og vidaregåande skule, for å gje meining til ellers abstrakt matematikk. Men andre ting kan koma til å vera viktigare om eit år.