Pedagogisk Mappe

Hans Georg Schaathun

8. Vurdering og læringsmål

Dei siste åra har eg konsekvent brukt skriftleg eksamen som einaste vurderingsform. Hovudgrunnen til det er at eg ynskjer å testa studentane sin evne til problemløysing og argumentasjon med kontrollerte hjelpemiddel og avgrensa tid. På skriftleg eksamen må studentane stola på si eiga resoneringsevne der og då, og det er ein sentral del av læringsmåla i matematikk. I motsetning til på munnleg eksamen kan dei ikkje prøva seg fram ved å lesa kroppsspråket åt eksaminator. Ei heller kan dei bruka lang tid på å søkja etter løysingar i eksterne kjelder som på heimeeksamen og innleveringsoppgåver.

I fleire av emna som eg har køyrd har det vore eit poeng i seg sjølv å ha mest mogleg konservativ vurderingsordning. Eg har ikkje ynskt å utfordra etablerte syn på læringsmål i fagmiljøet, men heller at studentane best mogleg skal nå etablerte læringsmål slik dei kjem til uttrykk i skriftleg eksamen.

Tida er snart inne for å utfordra etablerte læringsmål i matematikk. Ein grunn finn me i literaturen om matematikkompetansar frå dei siste 10-15 åra (sjå t.d. SEFI sitt rammeverk for matematikkpensum). Blant åtte ulike matematikkompetansar har tradisjonell undervising fokusert nesten utelukkande éin av dei, å handtera matematiske symbol og formalismar. I undervisinga har eg lagt ein del vekt på andre matematikkompetansar, spesielt resonering og matematisering, men då meir som eit middel enn som eit mål i seg sjølv. Eg meiner at ein konstruktivistisk innlæring av matematisk symbolmanipulasjon må gå via resonering og matematisering for å skapa forståing, og det har vore grunnen for å bruka tid på det.

I dag heller eg derimot meir mot å sjå resonering og matematisering som mål i seg sjølv. Literaturen om matematikkompetansane synleggjer at kvar og ein av dei trengst for å bruka matematikk i praktisk yrkessamanheng. Dersom det er tilfellet, må me leggja vekt på alle matematikkompetansane både i læringsprosessen og ved vurdering, i tråd med Biggs prinsipp om Constructive Alignment. Dette kunne eg tenkja meg å arbeida vidare med.