Pedagogisk Mappe

Hans Georg Schaathun

10. Leiing og planarbeid

I Surrey hadde eg vervet som Director of Studies (MSc) i nesten to år, med overordna ansvar for tre studieprogram. I løpet av denne perioden vart akkrediteringa frå British Computing Society fornya. Mitt viktigaste bidrag var å revidera programmet MSc Security Technologies and Applications for å møta akkrediteringskrava. Dette programmet var relativt nytt og hadde ikkje vore akkreditert før. Som studiedirektør hadde eg òg ansvar for evalueringsmøte med studentrepresentane, oppfylgjing av emneevalueringane overfor dei emneansvarlege, og eg var representant i Faculty Learning and Teaching Committee.

I Ålesund tok eg aktiv del i revisjonen av studieprogrammet fram mot den nye rammeplanen som kom i 2012. Fyrst og framst tok eg til orde for å gjera samanhengen mellom ulike emne i studiet tydelagare, og kanskje særleg for å gjera realfagsundervisinga meir direkte relevant for dataingeniørstudiet. Dei to emna i Statistikk og Simulering (Avsnitt 5) og i Diskret Matematikk (Avsnitt 4) er eit resultat av dette, der eg var hovudarkitekt heilt frå konseptstadiet.

Etter at eg starta med systematisk utvikling av omvendt klasserom og andre læringsaktivitetar, har eg lagt vekt på formidling i fagmiljøet. Eg har presentert resultat frå arbeidet fleire gongar på interne seminar, og ein gong på invitert føredrag for Tekna i Ålesund.

Det som eg kanskje er mest stolt over er konferansesporet Utdanning og didaktikk i IT-faga (UDIT) som eg initierte då eg arrangerte NIK/NOKOBIT i Ålesund 2015. Som hovudarrangør tok eg ansvar for praktisk tilretteleggjing, og rekrutterte dei fleste medlemmene til programkomitéen, som gjorde ein svært god jobb med det faglege innhaldet. UDIT er no vorte ein årleg tradisjon som står på eigne bein. Mange andre leiarroller har hatt preg av rutine som ikkje gjer nokon forskjell, men UDIT står fram som ein varig verdi for fagmiljøet.

Som pedagogisk leiing vil eg òg rekna prosjektleiinga for Aktiv læring i matematikk og Klasseromsquiz i matematikk, men dei er diskutert over.