Pedagogisk Mappe

Hans Georg Schaathun

3. Pedagogisk grunnsyn

Søren Kierkegaard dannar eit viktig utgangspunkt for mi pedagogiske tilnærming, gjennom eit sitat som eg fyrst møtte gjennom vegleiingsopplæring i speidarrørsla:

Hvis det i sannhet skal lykkes å føre et menneske hen til et bestemt sted, må man først passe på å finne ham der hvor han er og begynne der. Dette er hemmeligheten i all hjelpekunst.

Eg har i lang tid brukt mykje dialog i førelesingane, som ein etablert personleg stil. Eg stiller mange spørsmål til salen, og so langt det er råd byggjer eg på dei innspela eg får. Det retoriske spørsmålet bidreg til betre læring ved å stimulera til kognitiv aktivitet. Det genuine spørsmålet gjer det same, men i tillegg gjev det oss informasjon om korleis me bør forma undervisinga. Allereie då eg vart observert i førelesing som lekk i PGCAP, kommenterte den røynde observatøren at eg hadde usedvanleg god rapport (kontakt) med studentane.

Det meste av utviklingsarbeidet mitt har dreidd seg om å få mest mogleg ut av Kierkegaards «hemmelighet». Somme tider, når eg har teke eit anna utgangspunkt, har eg endt med å gjenoppdaga denne hemmelegheita. Gjennom djupare studiar i læringsteori og ulike eksperiment med nye læringsaktivitetar, finn eg nye tolkingar av Kierkegaards ord.

Eric Sottos (2007) tankar om motivasjon har gjort stort inntrykk på meg. Læraren kan aldri skapa motivasjon hos studentane. Studentane kjem inn på studieprogrammet med ein eller annan form for motivasjon, vore det faglig nyssgjerrigheit eller von om ein godt gasjert jobb i framtida, ellers ville dei ikkje vore på studiet i det heile. Læraren har makt til å øydeleggja motivasjon, gjerne ved at undervisinga ikkje framstår som relevant, men han kan ikkje skapa motivasjon. Det beste læraren kan gjera er dermed å finna, i Kierkegaards ånd, motivasjonen der studentane er, å ta dette som utgangspunkt.

Kognitiv psykologi og teorien om kognitive skjema byggjer òg oppunder Kierkegaards «hemmelighet». For å overføra ny kunnskap til langtidsminnet er studenten avhengig av å binda den nye informasjonen saman med eksisterande kognitive skjema. Gjennom diskusjon med studentane kan me oppnå tre ting. Me kan hjelpa studenten med å henta fram relevante skjema. Dernest kan me leggja faget fram slik at det er mest mogleg kompatibelt med studenten sine skjema. Til slutt vert studenten kognitivt aktiv slikt at ny kunnskap vert bearbeidd og innpassa i eksisterande skjema.