Pedagogisk Mappe

Hans Georg Schaathun

5. Totemaemne 2014-17

Parallelt med diskret matematikk, har eg undervist to emne saman med andre: Statistikk og simulering (S&S) (2. år) (2014, 15 og 17) og Funksjonell programmering og intelligente algoritmar (FPIA) (MSc) (2015-17). Felles for desse er kombinasjon av to tema innanfor eitt emne, i eit forsøk på å gje betre, kontekstuell forståing av faget. Det er berre delvis vellukka.

I FPIA har det vist seg urimeleg krevjande å læra seg både eit nytt programmeringsparadigme og samstundes bruka dette for å prøva seg fram med intelligente algoritmar. Det ville vore betre å øva på funksjonell programmering gjennom velkjende døme, og læra seg intelligente algoritmar gjennom eit velkjend programmeringspråk. Dette problemet vart klart ved evalueringa i 2016; i 2015 var der få studentar med svært ulik bakgrunn, og det var difor ikkje råd å få ein eintydig konklusjon. Fordi endringa kravde diskusjon på programnivå, måtte emnet likevel køyra som før i 2017. I 2018 vert det derimot erstatta av eit reint maskinlæringsemne, der eg ikkje er involvert.

Ein læringsaktivitet frå FPIA er verd å trekkja fram, nemleg tutorials, som studentane har sett stor pris på, særlig i starten av emnet. Tutorials, i min bruk, er lange og omfattande programmeringsoppgåver, med mange detaljerte steg. Studentane skal gå gjennom heile oppgåva, og prøva alt på eiga maskin, men fordi ho er delt opp i små steg, vert kvart steg enkelt og overkommeleg for dei aller fleste. Dette fylgjer idéen om completion examples frå Clark et al. (2006). Utfordringa ved tutorials er å få ein jamn auke i vanskegrad gjennom semesteret. Studentane og eg er svært godt nøgde med dei fyrste oppgåvesetta, men studentane får ein kalddusj etter eit par veker når oppgåvene vert mindre detaljstyrande. Dette er ei utfordring som eg må se nærare på dersom eg skal bruka tutorials igjen. Det kan vera at drøftingsoppgåver bør erstatta tutorials utover i semesteret, for å stimulera til å vurdera alternativ og argumentera for bestemte løysingar.

Kombinasjonen statistikk og simulering har vore mindre mislukka enn FPIA, men har hatt sine eigne utfordringar. Emnet skal dekkja kravet (5 ECTS) til statistikk i rammeplanen og samstundes kravet til emnestorleik (minst 10 ECTS). Desse to krava har skapt ein del rare kombinasjonar på ein del ingeniørutdanningar. Me ynskte å veva to tema tett saman til eitt heilskapleg emne. Studentane skal læra å programmera simuleringar og analysera simuleringsresultat vha. statistikk. Dei må modellera verkelege problem, og sjå samanhengen mellom simuleringsmodellen og den statistiske modellen.

Emnet har vore oppbygd som ein serie prosjekt. Kvart prosjekt tek utgangspunkt i eit praktisk problem (t.d. bytte-/rovdyr og vegtrafikk), og studentane går gjennom modellering, implementasjon/simulering og til slutt analyse av det same problemet.

Det positive ved emnet er at studentane får utfolda seg i praktisk programmering, ein arena som dei er komfortabel med og som er sentral i studieprogrammet. Slik byggjer emnet godt oppunder kjernekompetanse i studiet, og statistikken framstår som relevant. Programmeringa kan derimot lett overskugga statistikk og analyse. Studentane har vist svært gode prestasjonar i simulering, med kreative modellar og god implementasjon, men me er ikkje nøgde med statistikkompetansen. Det ser me både i obligatoriske arbeidskrav og på eksamen.

Delt emneansvar har vore ein stor føremon i konseptfasen og ei like stor ulempe i gjennomføringsfasen. To personar med felles visjon generer meir enn dobbelt so mange idéar, og konseptfasen vart dermed svært kreativ. Resultatet er eit godt tilfang av gode døme døma som studentane har arbeidd me. To personar bruker derimot meir enn dobbelt so lang tid på å einast om ein konklusjon, og læringsmål og pensum har ikkje vore so tydeleg som dei burde ha vore overfor studentane.

Våren 2018 skal eg for fyrste gongen ha eineansvar for S&S, og det vert ei gyllen sjanse til å gjera emnet meir oversiktleg og pensum meir tydeleg definert. Eg kan framleis dra på det rike materialet som me har skapt saman, men eg får fridom til å velja og presisera på ein ny måte. For å gjera statistikkpensum tydlegare, vil eg òg innføra eit tydlegare skilje mellom statistikk- og simuleringstimar. Me kan stadig arbeida med data frå simuleringane i statistikktimane, men fokus skal då vera eine og aleine på analyse, med tydlege læringsmål innanfor statistikk.