Fellesemnet i Matematikk

Fellesemnet i Matematikk

Velkomen til fellesemnet i matematikk for dataingeniør. Desse vevsidene er eit kompendium til emnet, og inneheld alle oppgåvene og mange føredrag.

Det fyrste føredraget vert halde i fyrste time, men foilane ser du i ruten ved sida av. Legg merke til at du kan klikka på ruten og trykka «F» for å få foilane i fullskjerm. I dei fleste lesarar kan du kan òg gjera ruta større ved å dra i hjørnet nedst til høgre.

Eg kan ikkje garantera at føredraga verkar i alle lesarar. Sjølv bruker eg chrome/chromium og firefox/iceweasel, og det verkar. Eg har ikkje hatt høve til å testa Internet Explorer, som er kjend for å vera inkompatibel med det meste anna. Der er stor risiko for at han ikkje verkar.

Me skal arbeida med oppgåver i klasserommet, og strukturen i kompendiet fylgjer kalenderen, med avsnitt for kvar time, samt avsnitt for for- og etterarbeid mellom timane.

Kompendiet finst òg i ein PDF-versjon, som du finn nedst på sida, men PDF-versjonen kan vera rotut fordi det primært er skrive for å lesast i ein vevlesar.

Kompendiet er tilgjengeleg frå to uavhengige tenarar:

1.
https://kerckhoffs.hials.no/matematikk1/
2.
http://www.hg.schaathun.net/matematikk1/

Dersom der skulle oppstå tekniske problem med den eine tenaren, er det greitt å ha notert seg den andre. Kompendiet er òg vist i BlackBoard, men er då avhengig av tenar (1) over.