Fellesemnet i Matematikk

Økt 17. Introduksjon til integrasjon

Oppgåver

17.2. Oppgåver

Oppgåve 17.1 Donald køyrer frå Andeby til Gåseby. Stort sett køyrer han i jamn fart. Når han akselerer eller bremser, so er det med konstant aksellerasjon.

Fyrst bruker han eit halvt minutt på å aksellerera frå 0 km/h til 50 km/h. So køyrer han 5 min. i 50 km/h. Dernest kjem han til bygrensa og bruker eit halvt minutt på å akselerera frå 50 km/h til 80 km/h. Han får køyra 10 min. i 80 km/h, før han må bremsa ned til 60km/h. Det tek 10s. å bremsa ned til 60. Han køyrer 2 min. i 60, før han bruker 20s. på å bremsa ned til 40km/h, som er fartsgrensa det siste stykket. Han køyrer 2 min. i 40, og bruker til slutt eit halvt minutt på å bremsa ned til 0.

Kor langt er det frå Andeby til Gåseby?

(Start med å plotta farta som ein funksjon av tida. Då får du betre oversikt.)

Oppgåve 17.2 Oppgåve 1-9 (odde), 13, 15, 21, 23, 41 (se ex9) og 43 i Adams og Essex kapittel 5.6.