Fellesemnet i Matematikk

Økt 4. Frå grenseverdi til derivasjon

Tangent og derivasjon

4.1. Tangent og derivasjon

Definisjon 2 (Den deriverte) Me definerer den deriverte av f(x) som

f(x) = lim Δx0f(x + Δx) f(x) Δx

Me vil bruka eit par forskjellige skrivemåtar for den deriverte. Lat y = f(x). Alle dei fylgjande skrivemåtane viser til den same deriverte, f(x) som definert over:

f(x) = dy dx = d dxf(x)

Boka nemner eit par andre i tillegg:

f(x) = y = D xy = Dxf(x) = Df(x)

Kvar skrivemåte har sine føremonar, og me vel det som høver best til ei kvar tid.

Den deriverte f(x) av ein funksjon f(x) er stigningstalet åt tangenten til kurva åt f(x) i punktet x.

Men kva meiner me eigentleg med ein tangent?