Matematisk Problemløysing 2020

Matematisk Problemløysing

Pensum

Oppgåvesamlinga i dette dokumentet (kursvevsida) definerer kjernen i pensum.

Lærebok som utfyller stoffet: Bjørnestad, Olsson, Søyland og Tolcsiner: Matematikk for økonomi og samfunnsfag, 8. eller 9. utgåve, samt tilhøyrande løysingsforslag. Kapittel 1-5, bortsett frå 5.6, 5.7 og 5.8.

Kommentar

Ulikt læreboka freistar oppgåvesamlinga å visa korleis ein tenkjer matematisk for å løysa problem frå røynda. Dette er eit perspektiv som er heilt sentralt for læringsmåla i emnet, men som me ikkje finn dekt av nokon bøker på marknaden.

Mesteparten av undervisinga vil fokusera på dei tre hovudtemaa som er dekte av øvingsheftene.

Andre tema vert dekt innimellom, men dei som ynskjer full kontroll på alle delar av pensum må lesa ein del av stoffet sjølv. Prinsippet er at alt som står i læreboka (kapittel 1-5.5) er pensum, men ikkje alt er like viktig. Det er venta at 20–25% av oppgåvene på eksamen krev kompetanse utover dei tre hovudtemaa som øvingsheftet dekkjer.

Konsekvensen av dette er at dei som tenkjer at C er ein god karakter, skal fokusera på øvingshefta og forsikra seg om at dei kan dettte skikkeleg. Dei som synest at C er ein dårleg karakter må lesa heile læreboka og gå på jakt etter spanande oppgåver.