Matematisk Problemløysing 2020

Veke 9. Grensekostnad

Stigningstal og grensekostnaden

10.1 Stigningstal og grensekostnaden

For lineære kostnadsfunksjonar K(x) = ax + b såg me at stigningstalet er ekstrakostnaden ved å auka produksjonen med éi eining. Dette kalla me for grensekostnaden, som er konstant uansett produksjonsvolum. Kvadratiske kostnadsfunksjonar har ikkje konstant stigningstal, men grensekostnaden er definert like fullt.

Eksempeloppgåve 10.1 Lat oss ta kostnadsfunksjonen

K(x) = x2 x + 2.

Me tenkjer oss at bedrifta sel (t.d.) mjøl i lausvekt. Når dei aukar produksjonen, so treng dei ikkje auka med ein heil kilo; dei kan auka med eit gram, eit milligram, eit mikrogram eller ein kvan lita storleik du kan tenkja deg.

1.
Plott K(x) på intervallet x = 08.
2.
Marker kostnaden for x = 5 på kurva.
3.
Marker kostnaden for x = 6 på kurva, og dra ei rett line gjennom kostnadene for x = 5 og x = 6. Kva er stigningstalet på denne lina?
4.
Rekn ut kostnaden ved å auka produksjonen frå x = 5 til x = 6.

Løysing 10.1 Me reknar ut K(x) for x = 0, 2, 4, 6, 8 og markerer verdiane direkte i plottet, som under. Resten av plottet gjer me på frihand:

PIC

For å finna eksakt endringskostnad, må me setja inn tal og rekna, som fylgjer

K(5) = 52 5 + 2 = 22 (62)  K(6) = 62 6 + 2 = 32 (63)  ΔK = K(6) K(5) = 32 22 = 10. (64) 

Ekstrakostnaden når produksjonen aukar frå fem til seks einingar er ti.

Øvingsoppgåve 10.2 Lat oss ta kostnadsfunksjonen

K(x) = x2 10 + 4x + 1.

Varane vert selde i lausvekt slik at x kan ta vilkårlege verdiar, ikkje berre heiltalsverdiar.

1.
Plott K(x) på intervallet x = 08.
2.
Marker kostnaden for x = 5 på kurva.
3.
Marker kostnaden for x = 6 på kurva, og dra ei rett line gjennom kostnadene for x = 5 og x = 6. Kva er stigningstalet på denne lina?
4.
Rekn ut kostnadauka ΔK når produksjonen aukar frå x = 5 til x = 6.

Merknad 10.1 (Delta) Den greske bokstaven Δ (uttalt D på gresk) er hyppig brukt som symbol for endring i matematikken. Difor skriv me Δx for ei endring i x og ΔK for ei endring i K(x).

Merknad 10.2 (Kontinuerleg og diskret funksjon) I matematikken skil me gjerne mellom diskrete og kontinuerlege funksjonar. Ein diskret vare er ein vare som må teljast, t.d. klesplagg eller bilar. Ingen vil ha ein halv bil eller 0,1324 jakker. Andre varer vert målte kontinuerleg, t.d. øl (i liter) eller mjøl (i kilo).

Merknad 10.3 Mykje av matematikken som me lærer gjev berre meining for kontinuerlege funksjonar. Oppgåvene under gjev til dømes ikkje meining dersom bedrifta sel bilar. Når ein sel bilar er kostnadsfunksjonen K(x) diskret, sidan x må vera eit heiltal.

Det er likevel vanleg å tenkja kontinuerleg når ein løyser modeller, for so å tolka løysinga til slutt, med tanke på den diskrete røynda. Dette må ein tenkja på når ein bruker matematikk på praktiske problem.

Merknad 10.4 (Diskret tid) Renterekning er eit anna døme på diskrete funksjonar. Når rentene vert rekna ut periodevis, slik som er vanleg, vert tida i rentemodellen diskret. Tida vert tald i periodar, og ikkje målt i sekund.

Kontinuerleg forrenting er ei matematisk oppfinning for å unngå utfordringane med diskret tid.

Eksempeloppgåve 10.3 Me skal sjå vidare på kostnadsfunksjonen frå oppgåve 10.1:

K(x) = x2 x + 2.

1.
Plott K(x) på intervallet x = 06.
2.
Marker kostnaden for x = 5 på kurva.
3.
Marker kostnaden for x = 5,2 på kurva, og dra ei rett line gjennom kostnadene for x = 5 og x = 5,2. Kva er stigningstalet på lina?
4.
Rekn ut ekstrakostnaden ΔK ved å auka produksjonen frå x = 5 til x = 5,2. Samanlikn med stigningstalet.

Løysing 10.2 Me teiknar plottet som me gjorde i forrige døme. Det er vanskeleg å sjå nøyaktig kva som skjer, so me teiknar ein versjon i større skala, der me berre tek med det interessante området. Då er det mogleg, so vidt, å sjå korleis lina krysser kurva to gongar.

PIC

I figuren kan me sjå at lina gjennom dei to punkta har stigningstal om lag 9,2.

For å finna kostnadsauka, må me fyrst finna kostnaden i dei to punkta me er interesserte i. Då får me:

K(5) = 52 5 + 2 = 22 (65)  K(5,2) = 5,22 5,2 + 2 = 23,84 (66)  K(5,2) K(5) = 23,84 22 = 1,84. (67) 

Det går an å sjå at stigningstalet er fem gongar kostnadsauka.

5 1,84 = 9,2.

Det heng saman med at produksjonsauka, frå 5 til 5,2, er på ein femtedels eining, eller 0,2. Stigningstalet skal då vera

1,84 0,2 = 9,2,

som me såg stemmer.

Øvingsoppgåve 10.4 Me skal sjå vidare på kostnadsfunksjonen frå oppgåve 10.2:

K(x) = x2 10 + 4x + 1.

1.
Plott K(x) på intervallet x = 06.
2.
Marker kostnaden for x = 5 på kurva.
3.
Marker kostnaden for x = 5,2 på kurva, og dra ei rett line gjennom kostnadene for x = 5 og x = 5,2. Kva er stigningstalet på lina?
4.
Rekn ut kostnaden ved å auka produksjonen frå x = 5 til x = 5,2. Samanlikn med stigningstalet.

Merknad 10.5 (Sekant) Dei rette linene som me har teikna i oppgåvene over vert kalla sekantar. Dei skjærer kurva i to punkt.

Merknad 10.6 Det gjeld generelt at stigningstalet åt sekanten er lik kostnadsauka per eining, når produksjonen aukar frå det eine til det andre skjæringspunktet på kurva. Når sekanten kryssar for produksjonsvoluma x1 og x2, finn me altso stigningstalet som

a = ΔK Δx = K(x2) K(x1) x2 x1 .

Eksempeloppgåve 10.5 Me skal sjå vidare på kostnadsfunksjonen frå oppgåve 10.1 og 10.3:

K(x) = x2 x + 2.

Me skal studera kostnaden ved ørsmå produksjonsauker.

Ta utgangspunkt i produksjonsnivået x = 5, og sjå på ulike produksjonsendringar Δx. Rekn ut kostnaden før (K(x)) og etter (K(x + Δx)), samt endringa ΔK = K(x + Δx) K(x) og den relative kostnadsauka per eining ΔKΔx.

Løysing 10.3 Det er enklast å setja dette opp i ein tabell. Me hugsar frå tidlegare oppgåver at K(5) = 22.

Δx = xny 5 xny K(xny) ΔK = K(xny) K(5) ΔK Δx
1 6 32 10 10
0,2 5,2 23,84 1,84 9,2
0,05 5,05 22,4525 0,4525 9,05
0,01 5,01 22,0901 0,0901 9,01
0,001 5,001 22,009 001 0,009 001 9,001
0,0001 5,0001 22,000 900 01 0,000 900 01 9,0001

Me ser at når Δx 0,1 vil ΔKΔx 9.

Øvingsoppgåve 10.6 Me skal sjå vidare på kostnadsfunksjonen frå oppgåve 10.2 og 10.4:

K(x) = x2 10 + 4x + 1.

Me skal studera kostnaden ved ørsmå produksjonsauker.

Ta utgangspunkt i produksjonsnivået x = 5, og sjå på ulike produksjonsendringar Δx. Rekn ut kostnaden før (K(x)) og etter (K(x + Δx)), samt endringa ΔK = K(x + Δx) K(x) og den relative kostnadsauka per eining ΔKΔx.

Merknad 10.7 (Tangent) I oppgåva over har me studert ein sekant som skjærer kostnadskurva for eit punkt x og eit anna punkt x + Δx, for ei lita endring Δx. Når Δx 0 nærmer sekanten seg ein tangent, som rører ved kurva i eitt punkt.

Merknad 10.8 Stigningstalet åt sekanten er

a = ΔK Δx = K(x + Δx) K(x) Δx .

Dersom me let Δx 0, vil a nærma seg stigningstalet åt tangenten.

Merk at me ikkje kan setja Δx = 0, fordi me då deler på null. Likevel kan ein studera kva som skjer når Δx 0.

Merknad 10.9 Når me har ein funksjon og ein tangent som rører ved funksjonen for ein bestemt verdi av x, so seier me at stigningstalet åt tangenten er den deriverte av funksjonen i punktet x.