Matematisk Problemløysing 2020

Veke 1. Prosentrekning

Prosent og prosentpoeng

1.4 Prosent og prosentpoeng

Eksempeloppgåve 1.21 Avisa gjer kvar månad ei meiningsmåling der dei spør 1000 personar kva dei ville ha stemt om det var valg dagen etter. I april svarte 219 personar at dei ville ha stemt Arbeidarpartiet, og i mai svarte 271 personar det same. Kor mykje har oppslutnaden auka i prosent?

Løysing 1.9 Endringa er 271 219 = 52, som utgjer

52 219 = 0,237 44 = 23,7%.

Øvingsoppgåve 1.22 Line har eit lån på 10 000 kroner. Ho betaler ikkje avdrag, berre renter. I fjor betalte hun 400 kroner i renter, og i år betalte ho 450 kroner. Kor mykje har renteutgiftene auka i prosent?

Øvingsoppgåve 1.23 () Line har eit lån på 10 000 kroner. Ho betaler ikkje avdrag, berre renter. I fjor betalte ho 400 kroner i renter, og i år betalte ho 450 kroner. Kva var rentesatsen i fjor (i prosent)? Kva er rentesatsen i år?

Øvingsoppgåve 1.24 () Avisa gjer kvar månad ei meiningsmåling der dei spør 1000 personar kva dei ville ha stemt om det var valg dagen etter. I april svarte 200 personar at dei ville ha stemt Høgre, og i mai var det same talet 210.

1.
Kva var prosentvis oppslutnad i april?
2.
Kva var prosentvis oppslutnad i mai?
3.
Kor mykje har oppslutnaden auka i prosent?

Eksempeloppgåve 1.25 Avisa gjer kvar månad ei meiningsmåling der dei spør 1000 personar kva dei ville ha stemt om det var valg dagen etter. I april svarte 4% at dei ville røysta KrF, og i mai var det same talet 3%.

1.
Kor mykje har oppslutnaden endra seg i prosent?
2.
Kor mykje har oppslutnaden endra seg i prosentpoeng?

Løysing 1.10 Oppslutnaden var 4% eller 4 prosentpoeng, og vart 3% eller 3 prosentpoeng. Det er ei endring på 3 4 = 1 prosentpoeng, eller ei nedgang på eitt prosentpoeng.

Den prosentvise nedgangen er målt relativt til den gamle oppslutnaden på 4%, dvs. 

1prosentpoeng 4prosentpoeng = 1 4 = 25%.

Nedgangen er altso 25%, eller med forteikn, ei endring på 25%.

Merknad 1.4 Når renta aukar, t.d. frå 4% til 5%, seier me gjerne at auka er eitt prosentpoeng. Det er den absolutte endringa. Den relative (prosentvise) auka er 25%, sidan eitt prosentpoeng er 25% av den opprinnelege prosentsatsen på fire prosent(poeng).

Det same gjeld andre tilfelle der me måler i prosent. Me kan skildra den absolutte endringa i prosentpoeng, eller den relative endringa i prosent av den opprinnelege prosentsatsen.

Øvingsoppgåve 1.26 Det er fagfest på kjemistudiet. Dei har kjøpt inn fleire kasser cider som held 6% alkohol. Denne spritar dei opp. Labforsøk viser at den ferdige drikken held 9%.

1.
Kor mykje har dei auka alkoholinnhaldet (alkoholkonsentrasjonen) i prosentpoeng?
2.
Kor mykje har dei auka alkoholinnhaldet (alkoholkonsentrasjonen) i prosent?

Øvingsoppgåve 1.27 () Lars har eit lån på 100 000 kroner. Han betaler ikkje avdrag, berre renter. I fjor var rentesatsen 4%, og i år er han 3,5%. Kor mykje betalte Lars i renter i fjor, og kor mykje i år? Kor mykje har rentene endra seg i prosent?

Øvingsoppgåve 1.28 () Avisa gjer kvar månad ei meiningsmåling der dei spør 1000 personar kva dei ville ha stemt om det var valg dagen etter. I juni svarte 245 personar at dei ville ha stemt Arbeidarpartiet, og i juli var det same talet 210.

1.
Kva var prosentvis oppslutnad i juni?
2.
Kva var prosentvis oppslutnad i juli?
3.
Kor mykje har oppslutnaden endra seg i prosent?