Matematisk Problemløysing 2020

Veke 5–6. Finansmatematikk

Vidare lesing

5.11 Vidare lesing

Bjørnestad et al dekkjer finansmatematikken i kapittel 5.5. Framstillinga deira legg stor vekt på å presentera formlar for ulike særtilfelle, og det vil vera svært krevjande å pugga alle og halda dei frå kvarandre. Me trur at de vil vera betre tjent med å studera korleis den eine formelen i rekneregel 5.1 kan brukast på mange ulike måtar, slik som me har freista i dette kapittelet.

Det teoretiske grunnlaget for finansmatematikken presenterer Bjørnestad et al i kapittel 5.1, 5.3 og 5.4. Det er ein god idé å gå gjennom denne teorien, og samanlikna dei abstrakte forklaringane i læreboka med dei praktiske løysingsteknikkane som me har presentert her.

Oppgåvene i læreboka er verd å gjera, særleg oppgåvene i kapittel 5.5.