Matematisk Problemløysing 2020

Veke 1. Prosentrekning

Vekstfaktor

1.5 Vekstfaktor

Ei prisauke frå 10 kr. til 15 kr. kan skildrast på to måtar, anten additivt (med pluss) eller multiplikativt (med ganging):

15kr = 10kr + 5kr (7)  15kr = 10kr 1,50 (8) 

Hittil har me arbeidd med additiv endring, anten me har skildra det som ei absolutt auke på 5kr. eller ei relativ auke på 50%.

Merk at me òg taler om additiv og multiplikativ endring om ei nedgang, t.d. frå 10kr. til 8kr.:

8kr = 10kr 2kr (9)  8kr = 10kr 0,80 (10) 

Faktorane 1,50 i (8) og 0,80 i (10) kallar me for vekstfaktorar.

Eksempeloppgåve 1.29 Sett at me set inn x kr. på bankkonto til 3% rente per år. Saldoen etter eitt år er då x kr. pluss x 0,03 kr. i renter, til saman x + x 0,03. Finn vekstfaktoren på bankkontoen.

Løysing 1.11 Legg merke til den felles faktoren x i uttrykket for saldoen (inneståande beløp på kontoen). Då kan me setja x utanfor ein parentes og få.

x + x 3% = (x 1 + x 3%) = (x 1 + x 0,03) = x (1 + 0,03).

Vekstfatoren er då 1 + 0,03, eller penare skrive 1,03.

Merk at me ikkje treng å kjenna beløpet x for å finna vekstfaktoren.

Øvingsoppgåve 1.30 Bustadprisane har stige med 6,5% siste året. Kva er vekstfaktoren?

Øvingsoppgåve 1.31 () Prisindeksen er stige frå 1200 til 1216 siste året. Kva er vekstfaktoren for prisindeksen?

Løysing 1.12 (Utfyllingsforslag) Me løyser oppgåva i to steg.

1.
Finn prosentvis auke. Prisindeksen har gått opp 16 poeng frå 1200 poeng. Kva er prosentvis auke?
2.
Finn vekstfaktoren ut frå den prosentvise auka.

Fullfør kvart steg på eiga hand.

Eksempeloppgåve 1.32 Gjennomsnittleg kvadratmeterpris på nye bustader var 20 250 kr. i fjor. I år er prisen 20 010 kr. Kva er vekstfaktoren?

Løysing 1.13 (Tostegsløysing) Me ser ein prisnedgang på 20250 20010 = 240 kr. Prosentvis nedgang er då

240 20250 = 0.0119 = 1,19%.

Me kan skriva den nye prisen som

20010 = 20250 0,0119 20250 = (1 0,0119) 20250 = 0,988 20250.

Vekstfaktoren er altso 0,988.

Løysing 1.14 (Likning) Me kan modellera auka direkte med den ukjend vekstfaktoren. Lat oss kalla vekstfaktoren for v. Auka er da modellert som

nypris = v førpris,

eller

20 010 = v 20 250.

Dette er ei enkel fyrstegradslikning som me løyser ved å dela på førprisen:

20 010 20 250 = v. (11) 

Divisjonen kan me ta på kalkulator, og me får at vekstfaktoren er v 0,9881. Me ser ein prisnedgang på 20250 20010 = 240 kr.

Øvingsoppgåve 1.33 Ola investerte 7500 kr. i aksjer i fjor. I år er porteføljen hans verd 6500 kr. Kva er vekstfaktoren på porteføljen hans?

Øvingsoppgåve 1.34 () En cellekultur vog 200 gram i går. I dag veg han 350 gram. Kva er vekstfaktoren åt cellene?

Øvingsoppgåve 1.35 () Kari investerte 9000 kroner i aksjefond i fjor. I år er andelen hennar verd 31 000 kr. Kva er vekstfaktoren på aksjefondet?

Merknad 1.5 Likning (11) i løysingsforslaget over er ofte brukt som definisjonen på vekstfaktor.