Matematisk Problemløysing 2020

Veke 3–4. Eksponentialfunksjonen

Verditap

3.2 Verditap

Eksempeloppgåve 3.9 Akskjefondet Nye marknader har gått dårleg dei siste åra. Verdien har falt med 10% kvart år. Teodor investerte 200 000 kroner for åtte år sidan. Kor mykje er parten hans verd i dag?

Løysing 3.3 Eit verditap på 10% er det same som vekst på 10% eller 0,1. Dette gjev ein vekstfaktor v = 1 0,1 = 0,9. Verdien på fondsandelen etter t år er då 200 000 0,9t. No, etter åtte år, er verdien

200 000 0,98 86 093,44.

Parten hans er verd 86 093,44 kroner.

Øvingsoppgåve 3.10 Johnny har kjøpt ein bil til 600 000 kr. Bilen fell 15% i verdi kvart år. Kor mykje er bilen verd etter sju år?

Øvingsoppgåve 3.11 Tenk deg ein fondsandel på 1000 kroner. Lag eit plot for å samanlikna verdiutviklinga når verdien fell med 1%, 5% eller 10% per år.

Dersom du plottar på maskin, kan du godt prøva ulike interval på x-aksa, både [025] til [01000].