Statistikk og Simulering

Statistikk og Simulering

Velkomen til Statistikk og Simulering i dataingeniørstudiet. Desse vevsidene er eit kompendium til emnet, og inneheld alle oppgåvene og mange føredrag. Strukturen i kompendiet fylgjer kalenderen, med avsnitt for kvar time, samt avsnitt for for- og etterarbeid mellom timane. Kompendiet er ikkje ein fullstendig presentasjon av kurset; ein må bruka læreboka ved sidan av. Oppsummeringa av førelesingane inneheld berre høgdepunkt.

Kompendiet finst òg i ein PDF-versjon, som du finn nedst på sida, men PDF-versjonen kan vera rotut fordi det primært er skrive for å lesast i ein vevlesar.

Kompendiet er tilgjengeleg frå to uavhengige tenarar:

1.
https://kerckhoffs.hials.no/StatSim/
2.
http://www.hg.schaathun.net/StatSim/

Dersom der skulle oppstå tekniske problem med den eine tenaren, er det greitt å ha notert seg den andre.

Kompendiet er forfatta av Hans Georg Schaathun og Siebe van Albada i samarbeid over fleire år. Herverande utgåve er redigert av Hans Georg Schaathun aleine, men mykje av teksta er stadig fellesarbeid.