Statistikk og Simulering

Prosjekt 2

Veke 10. Analyse av predator/prey

6.6. Veke 10. Analyse av predator/prey

I denne siste delen av prosjektet, skal me sjå på data frå simulering. Det er difor det er so viktig at simulatoren kan produsera ei loggfil.

Oppgåve 6.14 Køyr simulatoren med ulike parametrar. Prøv å skapa desse tre scenarioa:

1.
Reven døyr ut medan kaninen overlever.
2.
Båe artane døyr ut.
3.
Båe artane overlever over lang tid.

Ta vare på dei tre loggfilene.

Oppgåve 6.15 Ta dei tre datasetta frå forrige oppgåve og plott populasjonstala for kvar art (eitt plott per scenario). Drøft kva plotta fortel oss.

Oppgåve 6.16 For kvart scenario, finn gjennomsnitt og standardavvik for levealderen åt kvar art.

Oppgåve 6.17 (Diskuter) Kva er samanhengen mellom populasjonstala for dei to artane?

Oppgåve 6.18 (Diskuter) Prøv å gjenta simuleringane med dei same parametrane som du brukte i oppgåve 6.14. Gjev same parametrar alltid same scenario (ingen/ein/båe dyra overlever)? Eller er det meir eller mindre tilfeldig kva som skjer? Drøft resultata.