Statistikk og Simulering

Prosjekt 1

Innlevering 1

5.5. Innlevering 1

I prosjekt 1 skal du levera inn ein rapport som svarer på fylgjande.

1.
Drøft og svar på fylgjande spørsmål:
a)
Kva er viktig å tenkja på når du skal bruka ein lineær kongruensgenerator for å simulera stokastiske prosessar?
b)
Korleis påverkar utvalsstorleiken (t.d. talet på terningar) standardavviket?
2.
Illustrer svar over med døme frå simuleringane dine (hhv. veke 3 og veke 4).
3.
Skriv eit refleksjonsnotat (ca. éi side), som oppsummerer det du har lært gjennom dette prosjektet. Svar t.d. på
  • Kva har du lært?
  • Kva er vesentleg for vidare studium og karriere?
  • Kva er vanskeleg?
  • Korleis kan du arbeida for å læra mest mogleg?
  • Korleis fungerer læringsaktivitetane? Kan dei leggjast betre til rette?