Statistikk og Simulering

Praktisk info

Nota Bene

1.1. Nota Bene

Eksamen
Emnet har gått nokre år, men ein skal ikkje leggja for stor vekt på gamle eksamensoppgåver. Eg skal freista å leggja større vekt på simulering på eksamen, og ein må rekna med oppgåver som føreset at dei obligatoriske arbeidskrava er gjort og gjort godt.

Dette skal eg koma tilbake til etter kvart. Spør gjerne, men helst ikkje før i mars, når eg har tenkt meir på saka.

Emneskildring
https://www.ntnu.no/studier/emner/IR201812#tab=omEmnet
Arbeidsbyrde
Modulen er verd 10 studipoeng (ECTS credits), som svarer til ein normert arbeidsbyrde på 250-300 timar. Avhengig av eksamensdatoen, gjev dette ei arbeidsveke på 16-20 effektive studietimar. Det er like greitt å plotta det i timeplanen med ein gong.
Læremateriellet
Alt læremateriellet ligg på desse vevsidene. Det er omfatta av åndsverkslova. All eigen, personleg bruk er lov. All vidareformidling av materialet er forbudt (utan etter avtale).
Kalender
Me skal ha fjorten veker organisert undervising totalt. Me tek undervisingsfri i vinterferie på grunnskulen (25. februar–1. mars), samt 29. mars. Desse dagane bør ein setja av til å koma à jour med dei større prosjekta. Påskeveka er ferie, men det seier seg sjølv.