Statistikk og Simulering

Prosjekt 4

Veke 12. Simulering

8.3. Veke 12. Simulering

NB. Les introduksjonen (Diffusjonsproblemet) og gjer forrige labøving, før du startar på denne.

Oppgåve 8.7 Gjer ferdig implementasjonen frå forrige veke.

Oppgåve 8.8 Køyr simulatoren og visualiser partikkelkonsentrasjonen etter 5, 10, 100 og 1000 steg.

Oppgåve 8.9 Test kor godt simulatoren skalerer. Kor stort rutenett kan de bruka? Kor mange partiklar kan de simulera?

Oppgåve 8.10 Prøv gjerne alternative sannsynsmodellar. Korleis påverkar det diffusjonsprosessen om de aukar sannsynet for at partikkelen står i ro?

Oppgåve 8.11 Rekn teoretisk på sannsynsfordelinga. Visualiser sannsynsfordelinga for kvar ein partikkel er etter 1, 2, 3, 4 og 5 tidssteg. Samanlikna dette med simuleringsresultata.

Oppgåve 8.12 (Ekstra) Kan du programmera den teoretiske utrekninga i forrige oppgåve slik at du kan finna sannsynsfordelinga etter 100 og etter 1000 steg?