Statistikk og Simulering

Praktisk

Statistikk og Simulering

1. Praktisk

Emneskildring
https://www.ntnu.no/studier/emner/IR201812#tab=omEmnet
Studieteknikk
Dette kurset fokuserer på å bruka statistisk teori og programmering for å simulera og analysera problem frå røynda. Problem frå røynda er sjelden presist definerte og har endå sjeldnare ein eintydig fasit. Der finst ikkje stnadard løysings- og føringsmetodar som de kan kopiera.

Slike oppgåver krev drøfting. Reflekter over ulike tolkingar og løysingsmetodar. Drøft alternative tilnærmingar med kvarandre. Spør gjerne førelesaren. Det er fyrst og framst gjennom slike diskusjonar at me skal læra i dette kurset.

Undervisingstimar
Me har tre økter i veka:
1.
Førelesing måndag 10-12. Fokus på statistikk.
2.
Rekneøving i statistikk tysdag 10-12.

Der er ikkje alltid eit klart skilje mellom rekneøving og førelesing. Eg bruker ein interaktiv form i førelesinga, og treng ofte å skyta inn oppklaranda miniføredrag i øvingane.

3.
Obligatorisk labøving fredag 8-12. Hovudvekt på simulering.

Undervisingsfri i grunnskulens vinterferie (19.-24. februar); der vil vera prosjekt- og rekneøvingar å arbeida med denne veka, og romma er reserverte som vanleg for dei som ynskjer å arbeida saman. Påskeveka er studiefri. Sjå kalendaren i BlackBoard for full oversikt.

Videoførelesingar
Delar av stoffet finst som videoførelesing. Eg kjem til å sortera videoane, og merka tre ulike typar video:
1.
Oversikt meint som forarbeid. Det er viktig at de ser desse videoane før stoffet vert gjennomgått på førelesing.
2.
Utdjuping meint som etterarbeid. Det er viktig at de ser desse videoane etter at stoffet er gjennomgått på førelesing. Ofte vil de vera nyttig å sjå desse medan de arbeider med oppgåver.
3.
Repetisjon Desse ser de når de kjenner at de treng repetisjon. Om ikkje før, so i eksamenstida.

Umerkte videoar er kursoriske, men vil ofte vera nyttige når de arbeider med prosjektoppgåvene, litt avhengig av korleis de grip an prosjektet.

Obligatoriske arbeidskrav
Labøvingane omfattar fem prosjekt, som kvar går over 2-4 veker, i løpet av semesteret
1.
Slumptal og stokastiske prosessar.
2.
Simulering og estimering av feilsannsyn.
3.
Predator/prey-modellar og agent-basert simulering.
4.
(Sannsynlegvis) diffusjon.
5.
Bootstrap.

Der er ingen fasit på slike prosjektoppgåver, og difor er det viktig å drøfta alternative løysingar med medstudentar. Arbeidskravet vert godkjent basert på munnlege presentasjonar og deltaking i diskusjonane. Difor er det obligatorisk frammøte på alle labøvingane.

For å få gå opp til eksamen kan du ikkje vera borte meir enn fire (4) gongar. Dersom langvarig sjukdom eller andre heilt ekstraordinære, vanskelege omstende over tid gjer at det er uråd å fullføra arbeidskravet, so kan me vurdera tilpassing etter søknad. Det krev i so fall dokumentasjon som t.d. fråsegn frå lækjar. Tre gongar fråver skal vera rikeleg for ein influensa og dei andre korte episodane som ein kan rekna med i eit vanleg semester.

Me trekk tilfeldige studentar til å presentera, normalt mot slutten av kvar labøving. Dvs. at presentasjonane ikkje vert grundig førebudde, men heller ein rask demonstrasjon av resultat undervegs i prosjektet.

De kan ikkje rekna med å rekkja alt prosjektarbeidet på labøvingane. Kvar labøving vert planlagd som eit delprosjekt, og det er viktig at alle har fullført foregåande delprosjekt og er klar til å starta på same plass når me møtest. Dette vert klarare når de ser prosjektoppgåvene etter kvart.

Arbeidsbyrde
Modulen er verd 10 studipoeng (ECTS credits), som svarer til ein normert arbeidsbyrde på 250-300 timar. Avhengig av eksamensdatoen, gjev dette ei arbeidsveke på 16-20 effektive studietimar. Det er like greitt å plotta det i timeplanen med ein gong.
Andsverksrettar
Alt læremateriellet i emnet er omfatta av åndsverkslova. All eigen, personleg bruk er lov. All vidareformidling av materialet er forbudt (utan etter avtale).