Statistikk og Simulering

Oblig

Statistikk og Simulering

2. Oblig

Labøvingane omfattar 4–6 prosjekt som skal leverast inn. Me arbeider med prosjekta i labøvingane på fredagar, og kvart prosjekt er delt opp i øvingar som svarer til øktene.

#

Tema

Veker Språk (råd) Innl.-frist Siste frist
1

Stokastisk simulering (5.5)

2–4 Matlab 29. jan 23:59 14. feb 15:00
2

Predator-Prey og agentbasert modellering (6.7)

5, 6, 10 Java 14. mars 23:59 29. mars 15:00
3

Estimering av feilsannsyn

7–8 Matlab 5. mars 23:59 29. mars 15:00
4

Diffusjon

11–12 2. april 23:59 24. april 23:59
5

Ymse statistikk

14,15,17 Matlab 29. april 23:59 5. mai 23:59

Alle innleveringane er individuelle, men på alle prosjekta gjeld at de bør eller skal arbeida i gruppe. De finn grupper sjølv; det har me tid til å gjera på labben. Sjølv om ein arbeider i gruppe, skal kvar medlem individuelt gjera greia for konklusjonane og kva som er lært.

Dei fleste prosjektoppgåvene inneber modellering eller andre vurderingar som krev skjønn. Der er ingen fasit, og det er viktig å diskutera alternative tolkingar med medstudentane.

Om fristane

For kvart prosjekt vert der sett ein innleveringsfrist og ein siste frist. Dei som leverer innan innleveringsfristen skal få reletivt kjapp tilbakemelding, og dersom arbeidet vert underkjend får dei ny sjanse før siste frist. Dersom arbeidet ikkje er levert til godkjend standard innan «siste frist», får ein ikkje ta eksamen.

Merk at meininga er at alle skal levera innan innleveringsfristen. Dersom ein hevdar sjukdom eller andre spesielle omstende, må ein dokumentera både at ein ikkje kunne klara den opprinnelege innleveringsfristen pga. gyldig fråver, og også at utsetjing til «siste frist» ikkje er tilstrekkeleg.

Prosjektinnleveringa

De skal ikkje levera inn alt de har gjort i prosjektet. I staden har eg vald ut nokre få spørsmål som de skal svare på. (Sjå eige avsnitt under kvart prosjekt.) På dei spørsmåla vil eg til gjengjeld ha godt gjennomtenkte og grunngjevne svar.

Rapportane skal leverast i BlackBoard.

Presentasjon. I tillegg til rapporten skal sjølve implementasjonen og køyringa demonstrerast personleg på labben. Ein kan gjera dette før ein leverer rapporten, for å diskutera dei siste detaljane før ein konkluderer; då treng ein ikkje vera heilt ferdig. Eller ein kan demonstrera på ei av dei to fyrste øvingane etter innlevering.

Ein gong i løpet av semesteret skal ein demonstrera prosjektet sitt for heile klassa, dvs. eitt av prosjekta. Me bruker den siste halvtimen av økta til dette; 5 min. kvar.

Det må gjerne samarbeida om modellering, implementasjon og simulering i gruppene, men kvar student skal stå inne for det arbeidet som vert levert inn og kunna demonstrera simuleringane sjølv. Refleksjonen skal vera ut frå eiga læring og eigen ståstad.