Statistikk og Simulering

Prosjekt 4

Veke 11. Modellering

8.2. Veke 11. Modellering

NB. Les introduksjonen (Diffusjonsproblemet i avsnitt 8.1) før du startar på øvinga.

Oppgåve 8.2 Vel ei sannsynsfordeling for korleis éin partikkel rører seg i 2D (eller 3D) på eitt tidssteg. Den same fordelinga gjeld for kvart tidssteg.

Det er mogleg å definera rørsle på x- og y-aksen som uavhengige prosessar, eller de kan definera éin modell direkte i 2D. Det vel de sjølve.

Oppgåve 8.3 Diskuter korleis de vil simulera. Både ein agent-basert modell og ein celleautomaton kan vera velegna. Sjå avsnitt 6.1. Kva er føremonane ved kvart alternativ? Kva alternativ vil de bruka?

Oppgåve 8.4 Uansett om de simulerer agent-basert eller ved celleautomaton, må de ha ein landsskapsmodell. Kva randvilkår vil de bruka?

Oppgåve 8.5 Legg ein implementasjonsplan. Korleis implementerer de ein simulator for modellen som de har laga? Kva språk vil de bruka? Hugs at simulatoren må visualisera partikkelkonsentrasjonane, gjerne som fargeintensitet.

Oppgåve 8.6 Start på implementasjonen.