Statistikk og Simulering

Prosjekt 3

Innlevering 3

6.6. Innlevering 3

Under utarbeiding. Eg må gjera klar førelesingsplanen fram til veke 8 før eg kan skriva endeleg oppgåvetekst.

Tema for innleveringa er

Kva er sannsynet for dekodingsfeil (ordfeil) når du sender eit ord koda med ein [31, 11] BCH-kode over BSC med bitfeilsannsyn pe?

Konkret skal du svara på fylgjande oppgåver.

Oppgåve 6.20 Estimer sannsynet for ordfeil ved dedoking av BCH-koden med ein BSC-kanal med bitfeilsannsyn p = 0,1. Drøft kva feilmargin ein må tolka estimatet innanfor. Illustrer svaret ditt med simuleringsresultat.

Oppgåve 6.21 Estimer sannsynet for ordfeil ved dedoking av BCH-koden med BSC-kanalar med ulike bitfeilsannsyn p. Korleis verd ordfeilsannsynet påverka av bitfeilsannsynet? Illustrer svaret ditt med simuleringsresultat (gjerne plott).

Oppgåve 6.22 Skriv eit refleksjonsnotat der du drøftar

  • kva du har lært i prosjektet,
  • relevansen av prosjektet for yrket som dataingeniør, og
  • kva som er viktig å tenkja på når ein estimerer feilsannsyn.