Statistikk og Simulering

Prosjekt 2

Veke 5. Modellering

6.3. Veke 5. Modellering

Målet i labøvinga i dag er å laga ein agent-basert modell for eit økosystem med rov- og byttedyr. Neste veke skal de implementera denne modellen som ein simulator. Det er best å arbeida i grupper på tre, kanskje fire personar.

Alle oppgåvene inneber at de må diskutera modellen i gruppa og gjera designval. Det er viktig å dokumentera vala etter kvart, og skrive ned dei vurderingane de har gjort. Helst skal ein skrive ned alternativ som vart forkasta òg, med grunnar både for og imot.

Oppgåve 6.2 (Plenumsdiskusjon) Diskuter kva me meiner med simulering.

Oppgåve 6.3 (Plenumsdiskusjon) Kva meiner me med agentbasert simulering?

6.3.1. Real world scenario

Oppgåve 6.4 Velg artar for rov- og byttedyr som de vil modellera. Slå opp nokre relevante fakta og detaljar om artane, t.d. fruktbarheit, levetid, osv.

Målet er ikkje ein fullt ut realistisk simuleringsmodell, det vil kreva fagkompetanse i biologi som me ikkje har. Formålet med denne øvinga er å reflektera på samanhengen mellom røynd og modell og å vurdera kor realistisk modell som er hensiktsmessig.

Oppgåve 6.5 Rov- og byttedyra som de har funne er agentane i modellen. Diskuter kva eigenskapar dei må ha.

Oppgåve 6.6 Diskuter oppførselen åt byttedyragentane. Formuler oppførselsreglar som de trur de kan imlementera. Prioriter desse reglane i fire avsnitt, for must have, should have, can have, og not this project. (Dette er ein vanleg prioriteringsmetode i prosjektstyring.)

Oppgåve 6.7 Diskuter oppførselen åt rovdyragentane. Formuler oppførselsreglar tilsvarande forrige oppgåve.

Oppgåve 6.8 Eit kritisk punkt er modellen for landskapet der dyra beveger seg. Det er vanleg å bruka eit rutenett.

1.
Kor stort skal rutenettet vera?
2.
Kor stort areal i røynda svarer til ei rute i modellen? (Mål i meter eller kilometer)
3.
Kva skjer i ytterkantane av rutenettet?

Teori og døme finn du i avsnitt 6.4.