Statistikk og Simulering

Siste lab 4. mai

Statistikk og Simulering

13. Siste lab 4. mai

Denne øvinga er siste steg i prosjektet som me arbeidde med i januar og februar, om feilestimering for kommunikasjonssystem. De kan bruka simulatoren som de skreiv sjølve, men eg har lagt ut alternativ kode for å sikra at alle kjem seg vidare til siste steg, nemleg konfidensinterval og hypotesetest. No skal me bruka statistikk for å gjera pålitelege fråsegner om kvaliteten på systemet.